SMIL-tilskot og tilskot til drenering 2019

Sau  - Klikk for stort bilete

Søknadsfrist for Smil-tilskot er 1. mai.

Siste frist for å søkja tilskot til drenering er 1. oktober.

 

Søknadar om Særskilte miljøtiltak i jordbruket (SMIL), og tilskot til drenering av jordbruksjord, skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.

Har du spørsmål om søknaden, ta kontakt med heradet der tiltaket skal gjennomførast. Søknadsfrist for Smil-tilskot i Ulvik herad er 1. mai. Siste frist for å søkja tilskot til drenering er 1. oktober.

Søkjarane har tidlegare brukt papirsøknadar, men for 2019 må søkjarane logge seg inn i Altinn, og sende søknaden her. Det nye systemet skal sørgje for rask og sikker søknads- og sakshandsaming, til fordel for både søkjarar og sakshandsamarar i kommunen.

Søkjaren kan hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom det trengs. Når kommunen har handsama søknaden vert svaret og vedtaket sendt til føretaket sin innboks i Altinn. Dersom ein søkjer om tilskot til drenering som privatperson, vert svar og vedtak sendt til Sikker Digital Post (evt. brev i posten dersom søkjaren ikkje har digital postkasse)

 

Gå til sida www.altinn.no

 Logg deg inn med MinID, BankID eller liknande.

•             Velg landbruksføretaket ditt som Aktør, eventuelt deg sjølv som privatperson dersom du søkjer om tilskot til drenering som privatperson.

•             Søk opp og velg skjemaet Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) eller Tilskot til drenering i jordbruket.

•             Legg inn informasjon om tiltaket og last opp obligatoriske vedlegg (til dømes kart)

•             Søknaden vert automatisk sendt til kommunen som landbrukseigedommen for tiltaket ligg i.

 

Du kan gje andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det ordnar du og inne på www.altinn.no . Snakk med dei først om det er aktuelt.

Ulvik herad har i 2017 utarbeidd Kommunal tiltaksstrategi for tilskotsordninga spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 2017-2021. Denne strategien gjev lokale føringar og satsar for dei ulike ordningane.

Har du spørsmål?

Spørsmål om tilskot  til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering av jordbruksjord skal rettast til heradet. Meir informasjon om ordningane, avgjerder om kven som kan få tilskot og kva tiltak som er kvalifisert for tilskot, samt om kva vilkår som må vere oppfylt finn du på

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket/

og

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/om-tilskudd-til-drenering-av-jordbruksjord

Her finn du og nyttige tips til utfylling av søknadsskjema for SMIL, om kva opplysningar og dokument det er bra å ha tilgjengelig før du starter å fylle ut søknadsskjemaet.

Rettleiingsvideo for søkjarar ligger på fagsidene til Landbruksdirektoratet under panelet Hvordan søke?

Dersom det er tekniske problem med søknadsskjemaet kan det meldast til

support@landbruksdirektoratet.no .

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 26.02.2019