Dagtilbod

Dagavdeling for personar med demens: 

Føremålet med dagavdelinga er å gje personar med demens eit tilbod i eit lite miljø som er prega av tryggleik og trivsel. Dette er eit tilbod til personar med redusert korttidsminne som kan ha behov for deltaking i sosialt fellesskap og tilpassa aktivitetar. Me legg vekt på den gode samtalen om Ulvik i dag, men også mykje om Ulvik i eldre tider. Deltakarar skal ha demensdiagnose eller ha påbegynt utgreiing for demens før tildeling av plass. 

Her hjå oss får dei tilbod om frukost og lønsj. Transport til og frå vert ordna av helse og omsorg. Vi har ope kvar dag heile veka. 

Inntaksnemnda handsamar søknader. 

Betaling etter satsar fastsett i forskrift. (link til prisar) 

 

Arbeidsstova: 

Arbeidsstova er open 1 dag i veka. For tida er dette torsdagar. Den er tilrettelagt for ulike aktivitetar, med hovudvekt på sosial samkome. Her kan ein og tinga seg lønsj.

Sørviserklæring (PDF, 9 kB)

Sist endra 28.02.2019

Kontakt

Reidun Stavestrand
Ergoterapeut